21/7/16 LYNX LYNX, oppslag i Hallingdølen



Fra Hallingdølen:

Kunstaren Yngvar Larsen ønskjer at folk sjølve skal gjera seg opp ei meining om kva dei tykkjer når dei ser gaupe-installasjonen i den gamle lokstallen på Rødberg.
Kunstaren Yngvar Larsen ønskjer at folk sjølve skal gjera seg opp ei meining om kva dei tykkjer når dei ser gaupe-installasjonen i den gamle lokstallen på Rødberg.

Tek for seg gauper, forfall og Donald Trump

310 miniatyrgauper på eit 12 meter langt bord i den rustikke lokstallen. 67 av dei hamna i svarte boksar etter sist jakt. Dette er alle gaupene i Norge i 2016.

– Eg har prøvd å halde meg objektiv i framstillinga av tala og ikkje legge for mykje kjensler i det. Samstundes er talet ekstremt når ein framstiller det slik. Då vart det plutseleg reelt for meg. På Rødberg skole går det kanskje like mange elevar. Då ser ein fort at dei svarte boksane er eit problem. Det er nærare enn ein vond draum. Me skal vere klar over kor mykje som kan ryke, seier Yngvar Larsen (50), festivalkunstnar under Middelalderuka.

Vart personleg

Han tok utgangspunktet i ein nyheitssak om landets gaupebestand. Larsen har sidan han budde i Kina vore oppteken av store kattedyr. Han har også på gang eit prosjekt der han dekorerer ein pappkopp for kvar av dei 3200 tigrane som framleis lever i det fri. Men «One cup for every free tiger on the planet» er noko han kallar eit tolmodsprosjekt og er noko han har drive med på kjøkenbordet gjennom fleire år.

– Eg ville møte kvar einaste gaupe og lage kvart individ. Her var mengda og samspelet viktig, ikkje at det skulle vera fantastiske skulpturar.

Alltid ønskt seg hit

Larsen minnest dei mystiske historiene om gaupe frå oppveksten på Rødberg.

– Ein av tradisjonane her er jo jakt og forholdet til naturen. Eg er framleis tilknytt bygda mi og med utstillinga har eg prøvd å laga noko herifrå.

Festivalkunstar under Middelalderuka i Numedal, Yngvar Larsen, opnar utstillinga « Lynx Lynx – alle Norges gauper 2016» laurdag.
Festivalkunstar under Middelalderuka i Numedal, Yngvar Larsen, opnar utstillinga « Lynx Lynx – alle Norges gauper 2016» laurdag.
– Det blir noko anna å sjå heile landets gauper slik, seier installasjonenar Larsen.
– Det blir noko anna å sjå heile landets gauper slik, seier installasjonenar Larsen.
Kunstaren Yngvar Larsen ville halde seg til tal og fakta for å framstille gaupebestanden i Norge. Likevel har han lagt flid i å lage ein modell for alle gaupeindivida i Norge.
Kunstaren Yngvar Larsen ville halde seg til tal og fakta for å framstille gaupebestanden i Norge. Likevel har han lagt flid i å lage ein modell for alle gaupeindivida i Norge.
Ved hjelp av Snapchat har installasjonenar Larsen laga fem ulike portrett som er ein krysning mellom seg sjølv og Donald Trump.
Ved hjelp av Snapchat har installasjonenar Larsen laga fem ulike portrett som er ein krysning mellom seg sjølv og Donald Trump.
Mange av bileta er ein kommentar og framstilling av tida installasjonenar Larsen budde i USA.
Mange av bileta er ein kommentar og framstilling av tida installasjonenar Larsen budde i USA.
Kunstaren Yngvar Larsen brukar både røter og impulsar han får. Dei blir bearbeidd i hovudet, på teikneblokka før dei kjem ut i livet. Denne rullestolen vart til etter eit opphald i Ghana.
Kunstaren Yngvar Larsen brukar både røter og impulsar han får. Dei blir bearbeidd i hovudet, på teikneblokka før dei kjem ut i livet. Denne rullestolen vart til etter eit opphald i Ghana.

Larsen flytte frå Rødberg då han var 16 år. Han har budd elleve år i utlandet, dei siste fire i Miami i USA. Over sommaren er han og familien på veg til Belgia.


– Då eg begynte å studere kunst som 18-åring tenkte eg at det hadde vore kult å gjera noko i lokstallen. No står eg her. Det er eit fantastisk lokale og vore ein draum heile vegen. Eg håpar dei som kjem også tykkjer det er moro. Lokalet er skapt for store installasjonar. Sjå for deg veggmåleri, ekstreme rockekonsertar til rar eksperimentell musikk. Dette er nok det kulaste bygget på Rødberg. Det er her urbaniteten ender, sivilisasjonen stoppa på endestasjonen på Rødberg.

Historiske tilbakeblikk

I to slitne gulmåla rom heng bilete frå tida han i USA. Her heng mellom anna lauskatten som flytte inn til Larsen, ei forkledd men tjukk «Statue of Liberty» med døden lurande i bakgrunn og ein propagandamaskin av ein bil med klistremerke. Dei er gatefoto, men med fleire lag meg innhald og klassisk komposisjon.

– Det fortel kvar eg er, har ein situasjon i seg og er elles tilfeldig. Dette er for meg USA på sitt beste og verste. Opplevinga eg sit att med etter USA er at det er mykje forfall. For meg er historia viktigare enn kvaliteten på bileta. Eg er fasinert av foto og det har alltid vore eit lag foto i arbeida mine.

Glimt av verda

Men Larsen nyttar også sjansen til å stille ut på heimebane til å syne litt av kunsten som har vorte til etter han flytte frå Rødberg. Etter eit besøk i Ghana, tok det nokre år, skisser og tankeverksemd, før eit klistremerke gav inspirasjon til ein rullestol i afrikanske fargar. Han stiller ut eit gebiss der tennene er tyggegummi, som har vorte 30 år, men aldri før vore utstilt. Larsen tek Hallingdølen med bort til nokre av dei nyaste verka. Her har nemleg Larsen brukt Snapchat å lage fem sjølvportrett som er ein blanding mellom eige ansikt, og Donald Trumps.

– Det er eit forsøk på å forstå meg sjølv om ein kvit mann på 50 år. Det er ubehageleg, fortel han.

– Kvifor Trump?


– Kven andre kan ein lage eit politisk portrett av i dag, seier kunstnaren og legg til:

– Både røter og impulsar eg får påverkar det eg jobbar med. Eg prøver å forstå ein stad, situasjon og den verkelegheita me lever i. Både verka mine med inspirasjon frå Kina og Afrika er slik sett ytterpunkta. Kunsten er jo historiske kommentarar til eiget liv.

Utstillinga opnar i den gamle lokstallen på Rødberg laurdag. Då er også Larsen til stades.